Einaste erfaringen min med inka-healing konseptet og slikt,kjem frå den boka til Jenkins.
Den var temmeleg.........pinleg.
Gir boka bort,for den som vil.
Men; New Age-juks,seier de to herrar. Ok. javel.
Kvar går så grensa mellom New Age og oss?
Kva er forskjellen? Kan nokon nyansere det på ein slik måte at eg kan bruke det når eg skal drøfte det med høge og lærde?
Må alle være opplærde i ein urgammal,diffus tradisjon kanalisert av ei endå meir diffus ånd,eller kan det også vere tradisjonar som har fått fornying gjennom engasjerte folk av kjøt og blod?
Må det vere skrive ned i eldgamle manualar eller fanga i "knute-kartotek"?
Hogge i stein?
Godkjent av Casteneda og Harner?
Ja,kva
er ekte, og kva er ikkje for den som har lyst til å gje seg inn i inka-sjamanismen si verd?
Kan sjamanismen vere innovativ og forfriskande,eller må den forgå med regaliar med møllkulelukt?
Skal den vere minimalistisk med ein sjaman og ei tromme?
Er new Age og sja-ma-nisme heilt uforeneleg?
Eg spør som den eg er,temmeleg uberørt av det meste innan bransjen.
Enno.
