En joiker i øret
Da han var ung og jeg yngre enn nå, ble han kalt den lille og jeg den store Ailo. Den gangen dreide det seg mest om magen. På flere måter dette omsnudd nå, kanskje helt opphevet? I alle fall har han tatt artistnavnet Aillos, lille Ailu.
Den "største" Ailo Gaup i dag er jo han som gjør crazy kunst på motorsykkel.
Blant annet dette skriver NRK om Ingor Antte Ailu Gaup:
Joiken har fylgt Ukas P2-artist gjennom heile livet, men joiken fekk han ikkje heimefrå; – Joik er synd, sa både mor og far hans etter at dei vart kristne. Sidan joik var forbudt, syntest Áillos at joiken var noko ukjent og spennande då han var ung.
Tent av rock og joik
Men
då den amerikanske rocken slo gjennom i det unge sinnet, vart det ein
fot i joiken og ein i rocken. Som attenåring starta han det fyrste
samiske rockebandet ”Ivnniguinn”. Men Áillos ville ikkje synge på
amerikansk, han ville synge på samisk, Sitt eige språk. Han laga
tekstar som handlar om kulturen, naturen og politikk.
Allsidig bidragsyter
Nils-Aslak
Valkeapää har vore ein viktig samarbeidspartner, men også oppdraga som
gjestemusikar på Jan Garbareks ”I took up the runes”, Anbjørg Liens
”Baba Yaga” og gruppa ”Fri flyt” er andre, viktige bidrag. Den siste
plata han er gjestemusikar på, betyr også mykje - då er han saman med
Ole Edvard Antonsen.
Debutalbum
Denne påska
slepper Ingor Ántte Áilu Gaup si fyrste soloplate igjen etter tredve
år. Tittelen er ”Yoikur” (urjoik). Gjennom alle åra som musikar,
skodespelar, komponist, tekstforfattar og fløytist m.m kallar han seg
for ”Samisk kulturarbeidar”.
Open og nær
Ukas
P2-artist er ein open, nær og god formidlar med eit viktig kulturelt
bodskap, på same tid som han har skjemt i auga og er full av godt
humør. Bli betre kjend med Ingor Ántte Áilu Gaup
Mandag 24. – fredag 28. mars kl. 09.30 og 19.00 i NRK P2.
Programleder er Tone Jorunn Tveito
Se også:
http://www.beaivvas.no/web/index.php?sladja=36&vuolitsladja=72&giella1=nor
http://no.wikipedia.org/wiki/Ingor_%C3%81nte_%C3%81ilo_Gaup
http://www.riddu.no/ingor-Antte-Ailu-gaup-.4465756-23119.html
http://www.ailogaup.com/
mvh ailo gaup