En joiker i øret PDF Skriv ut E-post
P2 artisten Ingor Antte Ailu Gaup er joiker og skuespiller, har nettopp gitt ut CD. Nå er han på turne i Oslo. Til helgen gjestespiller han med det samiske teateret Beaivvas på Det Norske Teateret. 

Da han var ung og jeg yngre enn nå, ble han kalt den lille og jeg den store Ailo. Den gangen dreide det seg mest om magen. På flere måter dette omsnudd nå, kanskje helt opphevet? I alle fall har han tatt artistnavnet Aillos, lille Ailu.

Den "største" Ailo Gaup i dag er jo han som gjør crazy kunst på motorsykkel. 

 

Blant annet dette skriver NRK om Ingor Antte Ailu Gaup:

Joiken har fylgt Ukas P2-artist gjennom heile livet, men joiken fekk han ikkje heimefrå;  – Joik er synd, sa både mor og far hans etter at dei vart kristne. Sidan joik var forbudt, syntest Áillos at joiken var noko ukjent og spennande då han var ung.

Tent av rock og joik
Men då den amerikanske rocken slo gjennom i det unge sinnet, vart det ein fot i joiken og ein i rocken. Som attenåring starta han det fyrste samiske rockebandet ”Ivnniguinn”. Men Áillos ville ikkje synge på amerikansk, han ville synge på samisk, Sitt eige språk. Han laga tekstar som handlar om kulturen, naturen og politikk.

Allsidig bidragsyter
Nils-Aslak Valkeapää har vore ein viktig samarbeidspartner, men også oppdraga som gjestemusikar på Jan Garbareks ”I took up the runes”, Anbjørg Liens ”Baba Yaga” og gruppa ”Fri flyt” er andre, viktige bidrag. Den siste plata han er gjestemusikar på, betyr også mykje - då er han saman med Ole Edvard Antonsen.

Debutalbum
Denne påska slepper Ingor Ántte Áilu Gaup si fyrste soloplate igjen etter tredve år. Tittelen er ”Yoikur” (urjoik). Gjennom alle åra som musikar, skodespelar, komponist, tekstforfattar og fløytist m.m kallar han seg for ”Samisk kulturarbeidar”.

Open og nær
Ukas P2-artist er ein open, nær og god formidlar med eit viktig kulturelt bodskap, på same tid som han har skjemt i auga og er full av godt humør. Bli betre kjend med Ingor Ántte Áilu Gaup

Mandag 24. – fredag 28. mars kl. 09.30 og 19.00 i NRK P2.
Programleder er Tone Jorunn Tveito

Se også:

http://www.beaivvas.no/web/index.php?sladja=36&vuolitsladja=72&giella1=nor

http://no.wikipedia.org/wiki/Ingor_%C3%81nte_%C3%81ilo_Gaup

http://www.riddu.no/ingor-Antte-Ailu-gaup-.4465756-23119.html 

http://www.ailogaup.com/

 

mvh ailo gaup 

Kommentarer (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

security code
Skriv inn bokstavene ovenfor i tekstfeltet nedenfor


busy
 


Kopirett © Tre Bjørner Forlag 2022. Redaktør: Ailo Gaup.

Host: Kvisvik Nettutvikling