Prinsen i kongeriket PDF Skriv ut E-post
Det var ein gong ein liten prins som vart fødd i kongeriket. Da han vart fødd syns mor hans at han var vannskapt. No hadde det seg slik at han hadde ein skada fot- en klumpfot. Mora hans  skamma seg slik over han at ho itj villa ha noko med han å gjøre. Mora hans hadde ei søster, æ vil kall ho Løva. Løva forbarma seg over den lille gutten med foten. Ho var som ei løvemor for han. Itj veit æ kålles hjertet til ei løvemor er, men ho viste itj fram så my varme akkurat.

Gutten med foten måtte tilbringe lang tid på sjukehuset, ja kanskje det til sammen vart mange år. Der fikk han operasjoner slik at foten kunne brukes til å gå på. Æ trur itj dem ha noko medisin for såra på hjertet hans.Der lærte han seg å spille bridge, med seg sjølv. Det var ei ensom tid for han, aleine i eit kvitt og sterilt miljø, med lukta av medisiner i alle korridorer.

Han vart aldri som andre gutter. Itj kunna han spill fotball og itj greide han å gå lange turer med fotrn sin.Så bridgen ble hans inngang til den store verden. han vart forresten ein annerkjent bridge-spiller.

Han dro ut for å bli kjent med andre kongeriker. i kongeriket Trondheim møtte han ho som skulla bli kona hans. Ho var ei vakker, blid og snill jente. Ho hadde også lært seg å gjømme alle såra i hjertet sitt og derfor kunne dei finne kvarandre. Foreldra hans og Løva var slett itj begeisra for hans valg av kone. De prøvde i det skjulte å få avverget dette forholdet. No gikk det itj likar enn at jenta ble gravid, og da måtte dei berre akseptere giftemålet. Men kona fikk aldri aksept i denne familien. Dei såg på ho som ei enkel sjel, eit naturbarn, og det ga itj status i den familien nei.

Dei fikk etter kvart fire barn. Det finns sikkert eventyr om dei tre første barna, men dette eventyret handler om det fjerde barnet.

Den lille jenta vart fødd ei kald og hustri novembernatt. Prinsen sørga sjøl for at kona kom seg på fødestua, med spark.Den lille jenta var svak og stille og i løpet av natta holdt det på å gå heilt galt. Navlestrengen smuldra opp. No var det slik at ei gammel jordmor fikk fornemmelser om at noko var galt, og oppdaga blodet i barnesenga. Doktor hard kom, snurpa sammen navlestrengen med svart tråd og slik overlevde jenta.

Da jenta fikk øyenkontakt med faren sin, var det kjærlighet ved første blikk. Til henne kunne han ta fram det lune smilet, vise fram såret i hjertet.

Ute i kongeriket måtte være tøff, sint og skummel. Derfor vart han ofte omtala som Beistet. Samman med den lille jenta kunna han ta fram det lune smilet og forsiktige kjærtegn.

Etterkvart vaks den lille jenta til, iallefall fysisk. Det vart vanskeligare for henne å sjonglere mellom dei to verdene. Småfolket hadde sagt at hun skulle observere, og hun fikk ofte fortalt hvilket beist faren hennes var. Ho såg sjølv at han var det, og forundra seg over at han itj vist dei andre det han vist ho.

Det vart meir og meir av den store verden,Beistet, og mindre plass for hjertet.

Til slutt var prinsen så sliten av å være sint og skummel og omtala som Beistet.

Ein kveld satte jenta seg på sengekanten til pappaen sin, den lune og varme. Ho fortalte han at uansett kva som skjedde, var ho glad i han. Dei bruka itj å snakk om følelsa, men han smila lunt til ho og åpna nattbordskuffa. Der fann han fram 5000 kr, som var mye penger på den tida. Han sa at ho skulla kjøp seg noko ho hadde lyst på og kose seg.

Neste dag kjente han kor sliten han var her i kongeriket sitt. Han bestemte seg for å dra. Han svevde rundt ei stund, skjønt itj heilt kor han skulle hen. Han såg ned på familien sin, og siden dette er eventyret er den minste jenta sitt, blir det kva han sa til ho som blir gjengitt her.

Prinsen eller Beistet om du vil, så at den lille jenta strevde etter at han dro. Han prøvde flere gonger å ta kontakt med henne, trøste henne, men det var itj så lett å nå fram til ho.

Alle andre omtala han som Beistet og ho måtte gjømme kjærligheta si til han langt inn i hjertet sitt. Ho måtta aldri vis fram at ho elska eit Beist.Derfor våga ho heller aldri å bli glad i nokon andre, ho hadde meir enn nok med å skjule sin kjærlighet til Beistet.

Ein dag fikk ho nok av kva andre meinte om Beistet/Prinsen. Ho bestemte seg for å ta fram kjærligheta i lyset igjen. Da skjedde det noko. Ho fikk at livsgnista og Drømmeren i henne fikk sin rettmessige plass. Æ trur og at Heksa snart vil kome ut av skapet.

Den lille jenta bestemte seg for å skrive eit eventyr til Prinsen/Beistet i takknemelighet og kjærlighet for at han herda ho til å være ute i den store verden.

No vedkjenne ho seg kjærligheten til Beistet som snerra, brøla, sparka og slo. For ho fikk den gaven å møte den lille gutten i han. Han som kunna vis omsorg og usikkerhet.

Fordi ho no har vedkjent seg denne kjærligheta, våga ho å møt den på nytt. Så om kjærligheta krysser hennes spor vil ho no omfavn den slik ho omfavna seg sjøl.

Mvh. Frid
Kommentarer (5)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

security code
Skriv inn bokstavene ovenfor i tekstfeltet nedenfor


busy
 


Kopirett © Tre Bjørner Forlag 2022. Redaktør: Ailo Gaup.

Host: Kvisvik Nettutvikling